Gorrlaus with Åshild Vetrhus & Olav Christer Rossebø + Egil Syversbråten

(see English below)
Åshild Vetrhus – song
Olav Christer Rossebø – fele
Egil Syversbråten – hardingfele
Åshild Vetrhus er folkesongar frå Bråtveit i Suldal. Ho har lært av Ruth Anne Moen, Berit Opheim, Tone Juve, Kirsten Bråten Berg og Ragnhild Furholt, i tillegg til direkte frå arkivopptak med kjelder frå heile Rogaland. Vetrhus arbeider no som frilans musikar og som arkivar og leiar av Folkemusikkarkivet for Rogaland ved Ryfylkemuseet. Som musikar opptrer ho solo og i ulike grupper og prosjekt. Ho har blant anna ein trio saman med Anders Ulvo og Morten Barrikmo som framfører tradisjonelle julesalmar frå Rogaland og som kjem med plate i 2020. Dette er fyrste gong me har vokal musikk frå Rogaland på Gorrlaus. Så med andre ord eit glimrande høve til å bli betre kjent med den tradisjonen.
Olav Christer Rossebø er multi-instrumentalist frå Tyssvær og er aktiv i eit utall band konstellasjonar og spelar ei rekke forskjellige stilartar. For å nemne nokon: Lady Hardanger, Earlybird Stringband, Frøkedal og Familien, Bergen Mandolinband og Geitungen. Han er ein framifrå felespelemann og har god kjennskap til tradisjonsmusikken frå Suldal og Bjerkreim. Saman med Vetrhus kjem han til å presentere eit utval av slåttar frå Rogaland.
Egil Syversbråten kjem frå Hallingdal, kor halling vanlegvis kallast laus. Han voks opp i eit blømande folkemusikk miljø og lærte spel frå faren og godfaren sin og andre store spelemenn som Odd Bakkerud, Øyvind Braband og Jens Myro. Hemseda spelemannslag har og vore ein viktig lærestad og han har og studert gamle arkiv opptak av Olav Sataslåtten. Syverbråten har laga i framifrå plate saman med Gunnlaug Lien Myhr som heiter «Hallingtonar». Musikken frå Hallingdal har eit heftig rytmisk driv og er ofte meir repetativ enn andre stader.
Åshild Vetrhus – vocals
Olav Christer Rossebø – fiddle
Egil Syversbråten – hardanger fiddle
Åshild Vetrhus is from Bråtveit in Suldal. She sings traditional music from her home area as well as the entire county of Rogaland. She works in the folk music archive in Suldal and has learned a lot of the old songs from the recordings found there.
Olav Christer Rossebø is a multi-instrumentalist hailing Tyssvær, and he is active in numerous groups playing different styles of music. He also happens to be an excellent fiddle player and knows very well the repertoire from Suldal and Bjerkreim. Together with Vetrhus he will present a selection of music from Rogaland.
Egil Syversbråten is from Hallingdal, where "halling" is normally refered to as "laus". He grew up in a flourishing folk music scene and learned tunes from his grandfather and father and other great players such as Odd Bakkerud, Øyvind Brabant and Jens Myro. He has also studied the old recordings of Olav Sataslåtten and been a part of Hemsedal spelemanslag for many years. Syversbråten has released a very fine record together with Gunnlaug Lien Myhr called "Hallingtonar". Music from Hallingdal has a heavy rhythmic drive and is more repetative than in other regions.